Pengevett

 

Min plan og ønskje om tilbakemelding

Dette er en diskusjon om Min plan og ønskje om tilbakemelding i Aksjer og fond-forumet, en del av Bygg formue!-kategorien; Hei, som tidlegare nemnt i presentasjonen er eg ein mann på 31 år, som er i full jobb i helsesektoren ...


Go Back   Pengevett > Pengeprat > Bygg formue! > Aksjer og fond

Register FAQ Members List Kalender Search Today's Posts Mark Forums Read

Notices


Reply

 

LinkBack Thread Tools Display Modes
  #1 (permalink)  
Old 04-07-2016, 14:34
Junior Member
 
Join Date: Jul 2016
Posts: 14
Min plan og ønskje om tilbakemelding

Hei,

som tidlegare nemnt i presentasjonen er eg ein mann på 31 år, som er i full jobb i helsesektoren og tener rundt 500 000 kroner i året. Om eit par år kjem eg til å tene 600 000 eller 700 000 kroner i året. Det er slik lønnsutviklinga er for alle i min profesjon.

***
Eg byrjar å jobbe for 1,5 år sidan, og innsåg at det å jobbe fem dager i veka er for mykje for meg. Det stjel for mykje av min energi, og eg får ikkje tid til å lese så mange bøker som eg vil, stirre så mykje i veggen som eg vil, meditere lenge og sove lenge. Enda verre tenker eg det blir viss eg får barn. Så i løpet av dei neste åra ønskjer eg 90 prosent stilling. Og så om 5-10 år, ønskjer eg å jobbe rundt 50-60 prosent. Og ja, eg liker faktisk jobben min og synes det er spanande og meiningsfull, men eg synes berre fem dager i veka er for mykje av det gode.

**
Eg eig ei leiligheit i Oslo med ei verdivurdering på 3,3 millioner. På den har eg 1 million i gjeld.

Studielån 450 000

Eg har 300 000 i indeksfond og aktive fond.

Eg har 200 000 i som snart skal på fond.

Eg har 170 000 kroner i BSU.


MIN PLAN:

Kjøpe ei ny utleieleiligheit i Oslo øst (øst-light, dvs ikkje øst for Helsfyr). Denne kan koste rundt 3,2 millioner inkludert alle avgifter.

Halde fram med å spare rundt 6000 i månaden i cash, i tillegg til å betale ned på studielån og huslån.

I dag investerer eg rundt 11 000 i månaden i indeksfond. (DNB Global Indeks, KLP Indeks verden og Storebrand alle markeder) For å investere så mykje i indeksfond har eg lånt på 500 000 på leiligheita, som eg foreløpig har i ein sparekonto i Nordnet, og så eg då månadleg tek 11 000 ut av for å investere i desse indeksfonda. Eg driv på med value averaging. Som gjer at eg investerer meir i nedgangstider og litt mindre i oppgangstider.


PLAN FOR Å SPARE MEIR:

Halde meg hovudsakeleg til ein vegatarisk diett.

Lage niste til jobben, ein salat eller noko i den duren.

Kutte ut heilt søtsaker. Dette er også eit spørsmål om sunnhet for meg all den tid eg pr i daga et omtrent 300 gram sjokolade kvar einaste dag. Dette koster meg rundt 70 kroner dagleg. (For å lykkast med å redusere denne trøstespisningen har eg midlertidig tenkt å spise ute på billige restauranter som sushi- og supperestauranter, fordi eg tenker at viss eg berre kutter slik trøsteadferd utan nokon som helst kompensasjon så kjem eg til å bruke opp min viljestyrke ganske kjapt og då er eg lynraskt tilbake igjen med å konsumere 300 gram søtsaker dagleg.



Så det er målet mitt:

Kjøpe ei utleieleiligheit til mellom 2,5 og 3,5 millioner i løpet av tre månader.

Investere 11 000 kroner i indeksfond kvar månad.

Gå ned til 60 prosent stilling i løpet av 10 år.


Nokon innspel på dette ?

Tips til korleis eg kan spare meir ?

Andre som enten har som mål eller som allereie har klart å gå ned til å jobbe deltid ?

Last edited by Klossowski; 04-07-2016 at 14:36.
Reply With Quote
  #2 (permalink)  
Old 05-07-2016, 00:31
Profet ad libitum
 
Join Date: May 2013
Location: Innenfor rekkevidde av saltvann
Posts: 613
ER vegetarisk billigere ?

Altså hvis man gjør det riktig i forhold til hva man faktisk må/bør ha av diverse ?
Reply With Quote
  #3 (permalink)  
Old 06-07-2016, 10:12
Pengebingen's Avatar
Senior Member
 
Join Date: Nov 2011
Location: Østlandsjente
Posts: 2.013
Quote:
Originally Posted by Hiin Allvise View Post
ER vegetarisk billigere ?

Altså hvis man gjør det riktig i forhold til hva man faktisk må/bør ha av diverse ?
Vil jeg absolutt tro. Får mye ris/linser/bønner/kikerter og grønt for kiloprisen på kjøtt... Spesielt om man handler store kvanta hos utenlandsbutikkene. God holdbarhet på tørrvarene også

Mitt inntrykk er iaf at det er billigere når kjøtt droppes.
__________________
Mål 2017:
Klare boliglånsbetaling som gir 15 års nedbetalingstid. 15500 kr pr mnd.

-- Normal is broke. Be weird! --


Besøk min blogg: Pengebingen




Reply With Quote
  #4 (permalink)  
Old 06-07-2016, 10:14
Pengebingen's Avatar
Senior Member
 
Join Date: Nov 2011
Location: Østlandsjente
Posts: 2.013
Interessant plan! Liker motivasjonen 5 dager i uka er drøyt, helt enig

Men jeg håper bare du oppdaterer ang det å kutte søtsakene, og om du lykkes, del hemmeligheten
__________________
Mål 2017:
Klare boliglånsbetaling som gir 15 års nedbetalingstid. 15500 kr pr mnd.

-- Normal is broke. Be weird! --


Besøk min blogg: Pengebingen




Reply With Quote
  #5 (permalink)  
Old 06-07-2016, 12:23
Gjest
Guest
 
Posts: n/a
Hei,

takk for dykkar innlegg.

Er vegetarisk billigare ? Det kjem an på. Viss du spiser keisam vegetarisk mat og kompenserer for dette med masse øl og sjokolade så er det ikkje sikkert du sparer noko. (og ja, har ein del venner som gjer nett dette).

Viss du derimot tek deg litt arbeide med det så er grønnsaker og frukt generelt sett billigare enn kjøtt. Både kjøtt og melkeprodukt er ganske dyre. Bønner, kikerter og linser har mykje protein, men er ein del billigare enn kjøtt. Kanskje rundt halvparten til ein fjerdedel av prisen viss du tek gram for gram. Quinoa på den andre sida er ganske dyrt, og er like dyrt som kjøtt.

(Eg har forresten ikkje tenkt å kutte ut kjøtt, men drastisk redusere det av miljømessige, dyreetiske og økonomiske grunner. Planen er å ete nok kjøtt til å få i meg tilstrekkeleg B12 og jern ifrå kjøtt i tillegg til at eg vil vedlikehalde min kropps evne til å fordøye kjøtt, sidan eg ikkje vil vere ein vanskeleg gjest.)

**

Sjokoladeprosjektet går relativt greitt. Det har berre gått to dager utan sjokolade, godteri og potetgull. Eg tillet meg sjølv å kjøpe spanande frukter, og dyre frukter som vannmelon, grapefrukt, men også andre varer som dunjakker, skjorter og liknande. Ja, eg kjem kanskje til å bruke nokon penger på det, men det er det verdt i det lange løp, sidan min kropp er uerstatteleg.

Tidlegare har eg prøvd måtehald. Dette fungerer rett og slett ikkje. Når eg først får smaken på godteri klarer eg ikkje å stoppe, og hungeren etter søtsaker vekkast då ein gong for alle og varer ved mange veker av gongen. For meg er det ikkje slik at eg et sjokolade for å nyte sjokoladen, eg et sjokoladen for å kjenne den roa som melder seg så snart eg har blitt halvkvalm av 300 gram sjokolade. Det er denne roa eg jakter på.
Reply With Quote
  #6 (permalink)  
Old 06-07-2016, 12:29
Junior Member
 
Join Date: Jul 2016
Posts: 14
Takk for responsen

Sjokoladeprosjektet har gått bra sålangt.

Eit triks eg gjer er å tillate meg slack og gleder på andre områder som til dømes at eg gir meg sjølv moglegheita til å fantasere om og faktisk også kjøpe andre ting som restaurantbesøk, massasje, skjorter og dunjakker. Eg må ha stimuli. Ein kan ikkje berre seie nei til seg sjølv på mange fronter og så sette sin lit til at dette går bra. Viss ein seier nei til seg sjølv på nokon fronter, må ein seie ja og vere litt "snill" med seg sjølv på andre fronter. Viljestyrke er eit lite batteri, du kan ikkje forsyne mange prosjekter med straum frå det same lille batteriet, men så snart ting har blitt ein vane, så går ting litt meir av seg sjølv.

***

Eg har høyrt at vegetarisk er billigare. Bønner og ris og kikerter og linser er billigare pr gram enn kjøtt. Kjøtt er relativt dyrt. Ja, kylling er billig, nesten like billig som kikerter og slike ting, men nei, eg har ikkje lyst til å støtte kyllingindustrien og deira måte å behandle kyllinger på, og eg trur heller ikkje det er spesielt sunt.

Når det er sagt så har eg tenkt å ete kjøtt no og då, kanskje omtrent ein gong i veka eller annan kvar veke, berre fordi det er godt, for å få i meg nok vitaminer og mineraler og for å vedlikehalde min kropps evner til å fordøye kjøtt slik at eg ikkje blir ein vanskeleg gjest.
Reply With Quote
  #7 (permalink)  
Old 06-07-2016, 14:02
Junior Member
 
Join Date: Jul 2016
Posts: 14
Eg ser at sølv- og gullprisene har gått kraftig opp i det siste.

Eg hugser eg kjøpte usirkulerte sølvmynter for 150 kroner stykket. No koster dei 216 kroner.

Gullmyntene har gått frå 10 000 kroner for ein ounce, til litt over 12 000 kroner.

Det er spanande synes eg. Eg eier litt sølv og bitte litt gull, men eg trur kanskje eg skal byrje å investere meir jevnleg i dette.

Sjølvsagt må ein ta med i beregninga at ved kjøp av konkret gull og konkret sølv så tek forhandleren seg klekkeleg betalt, men er svingningane store nok kan ein likevel tene på det.
Reply With Quote
  #8 (permalink)  
Old 09-07-2016, 00:40
Member
 
Join Date: Jan 2016
Posts: 45
Hei og velkommen!

Jeg har også lignende mål som deg. Vanskelig å kommentere eller spørre om konkrete ting, siden du skriver litt vagt rundt planen. Hvordan ser budsjettet, eller det faktiske forbruket, ditt ut? Hvilke forutsetninger gjør du rundt forventet avkastning på de ulike investeringene dine, samt lånerente og evt. inflasjon? Planlegger du å eie eiendommen du kjøper "for evig", satser du på avkastning fra verdistigning, og hvilke tanker har du om boligmarkedet?

Interessant det du nevner om gull. Min oppfatning av gull er at det blir litt som å kjøpe fotballkort. Man kan ikke bruke det til noe spesielt, det gir ikke løpende avkastning/cash flow. Tvert imot, hvis jeg bruker 100 000 kr på gull så er det 100 000 kr jeg ikke får brukt på en annen investering der jeg kan forvente 2-15% løpende avkastning hvert år. Gull er riktignok en slags forsikring mot "den store dommedagen", men jeg skulle hatt urealistisk store verdier i gull før jeg hadde følt meg 100% forsikret mot alt uansett. Tror det er vel så nyttig å sitte på en rekke kompetanser som kan komme godt med i depresjonstider om en skulle trenge ekstra inntekt.

Er interessert i å lese om tankene dine.
Reply With Quote
  #9 (permalink)  
Old 10-07-2016, 10:39
Junior Member
 
Join Date: Jul 2016
Posts: 14
Først gull og sølv.

To motiver for å kjøpe dette: Gøy. Det er gøy å eige dette. Gøy å følgje med. Dette er kanskje ikkje det mest profesjonelle argumentet, men eg står ved at det er gøy å ha ein diversifisert portefølgje, det er gøy å følgje med på alle moglege slags rare fond. Ja, eg har eit par rare fond, dvs ikkje så forferdeleg rare eller eksotiske, men eg har berre mange fond. Og difor er både ETN gull og materiel gull i min portefølgje. Men eg har sikkert berre konkret gull for 300 kroner, og konkret sølv for 3000 kroner.

Du kan tene penger ved å selge når det har steget så og så mykje, og så kjøpe når det når det er så og så billig. Men både ved kjøp av ETN og viss du kjøper materielt gull og sølv så vil transaksjonskostnadene vere ganske betydelege. Ved små løp er begge to like ille. Men ved store beløp er det nok ETN eindel betre. (30 kroner ved kjøp og 30 kroner ved salgs, pluss spread). (Hadde eg solgt sølvet mitt i dag, ville eg nok blitt kanskje omtrent 1000 kroner rikare, og med 3000 kroner i sølvformue så er ikkje det så verst).

Det kan også vere ei forsikring mot dommedag. Kanskje ikkje viss ein har for lite av det. Men eg har tenkt å kjøpe for omlag 3000 kroner i året. Eller sagt med andre ord. At gull alltid utgjer ein prosent av min portefølgje og at sølv også alltid utgjer ein prosent av min portefølgje.

Så kort oppsummert: Eit par rasjonelle grunner for å eige edle metaller, og ein del emosjonelle grunner for å eige det.


****

Eg har ei OBOS leiligheit no. Sidan eg er singel for tida trur eg den vil kunne halde som min bustad i mange år framover. Eg har tent 1,6 til 2 millioner på den så eg ser ingen grunn til å selge den med det første. Men viss eg ein dag får to barn, så må eg sannsynlegvis selge for å kjøpe noko større. Den er 55 kvardatmeter og har berre eit soverom.

Min neste leiligheit vil vere ei selveiger leiligheit. Den ser eg for meg å skulle leige ut til all overskodeleg framtid.

Mitt syn på boligmarkedet. Eg håper det skal opp. Eg veit ikkje. Eg har ingen tru på at ein varig prisreduksjon i boligmarkedet i Oslo. Eit krakk kan kome. Men ein varig prisreduksjon som vil vare i la oss seie 20 år, har eg ingen tru på. Eg veit ikkje om nokon varig prisreduksjon i bustader i hovudstader i vestlege velfungerande land (Stockholm, Kjøbenhavn, London, Amsterdam ?) Med tid og stunder vil den kanskje flate ut.

Generelt mantra er at det er betre å prøve og så feile, enn å ikkje prøve og å alltid vere trygg.

***

Forbruket mitt: Eg har ikkje noko budsjett. Eg berre sparer 6000 kroner kvar månad. Og så betaler eg ned på boliglån, lånekasselån og husleie. Det som er til overs bruker eg til forbruk. Eg har også satt skattesatsen min litt over den faktiske, slik at eg får igjen ein del på skatten. (40 000). Dette investerer eg i indeksfond.

**

Eg reknar med at børsene på sikt vil stige 10 prosent pr år. Eg veit ikkje, og om dei berre steig 8 prosent ville eg ikkje ha gjort noko annleis.

**

Som tidlegare nemnt er eg på sukkeravvending. Dette inneberer at eg ikkje et sjokolade og andre søtsaker for tida. For å kompensere for den auka keisemja og rastlause eg føler som eit resultat av dette, har eg tillete meg sjølv å fantasere og å faktisk også kjøpe ulike gjenstander som klær og andre materielle ting. Dette fungerer sålangt og eg har klart å vere utan godteri i 8 dager. På sikt når sukkerfridomen har blitt ein vane har eg sjølvsagt tenkt å fase ut dette luksusforbruket, men sålangt fungerer det bra som ein avledningsmanøver for min glupske apetitt.

Når denne vanen er blitt etablert, vil eg starte med å lage nistepakke, noko som kan redusere utgiftene utterlegare og gjere at eg kan spare meir.

***

Sannsynlegvis vil min neste jobb ha ein høgare inntekt enn denne jobben, så då kjem eg til å prøve å spare meir. I alle tilfeller trur eg at eg blir tvunget til å vere meir sparsommeleg når eg får ei leiligheit til, og eit nytt lån som skal betjenes. (Eg trur det er lettare å vere økonomisk når ein blir tvunget til det, enn når det kvar dag er eit fritt valg. Eit anekdote i samband med dette. Ein venn hadde vore flink til å spare opp 15 000 kroner. Han lurte på kva han skulle "gjere" med dette. Han endte opp med å kjøpe stereoannlegg. Denne typen sparing var ikkje sexy og motiverande nok i seg sjølv. Betre med min løsning som går ut på at kvar gong eg føler denne rastløysa komme over meg, denne gjenstridige shoppinglysten, så går eg inn på Nordnet og shopper litt indeksfond for småbeløp heilt utan mål og meining. Det roer meg.)

***
Målet er som sagt ikkje å bli rik. Målet er mindre jobb. Om børsene held seg låge no i tjue år framover, så kjem eg framleis til å jobbe hardt for å kunne unne meg redusert stilling. Where there is a will there´s a way. Dette vil då kunne innebere å flytte på landet, dyrke sin eigen mat, bli enda meir vegetarianer, starte privatpraksis istadenfor å jobbe i det offentlege, feriere hovudsakeleg innanlands, lappe kleda mine, flytte heim, bu i eit telt over lengre tid, verkeleg å skjære utgiftene ned til beinet. Viss børsen går opp trur eg dette blir lettare, men for meg er dette såpass viktig at eg skal få det til uansett.

***
Renter i banken. Mitt syn på dette. Aner ikkje. Eg spekulerer ikkje i dette. No når den er låg, så prioriterer eg investeringer framfor å nedbetale lån, sidan eg trur inflasjon og skattefratrekk på lånet spiser opp lånekostnadene. Viss renta blir høgare, så vil eg kanskje prioritere å nedbetale lån. På den andre sida: viss rentene går opp, så må det bety at Noreg og sannsynlegvis også verda generelt går betre, då vil jo også børsen gå betre og forskjellen mellom intektene frå investeringane mine og utgiftene til renter vil bli verande dei same. (I dag: Låge renter og låg avkastning. I framtida: Høge renter og høg avkastning).

**
Kort oppsummert: Eg har ikkje oversikt. Eg kan ikkje spå om framtida. Eg har lest litt og prøver det som verker fornuftig. Alle beslutninger inneberer risiko, og det å gå igjennom eit hus fullt av dynamitt med ein tent sigar er framleis dumt sjølv om det skulle gå bra, og eit liv med fem grønnsaker om dagen ville framleis vere eit godt valg, sjølv om ein uheldigvis skulle døy av kreft som 25 åring.

Kontrollerer det du kan kontrollere, ikkje kontroller, det du ikkje kan kontrollere.

Last edited by Klossowski; 10-07-2016 at 10:44.
Reply With Quote
  #10 (permalink)  
Old 10-07-2016, 12:23
Aksjebloggeren's Avatar
Senior Member
 
Join Date: Jan 2010
Posts: 806
Quote:
Originally Posted by Klossowski View Post

Mitt syn på boligmarkedet. Eg håper det skal opp. Eg veit ikkje. Eg har ingen tru på at ein varig prisreduksjon i boligmarkedet i Oslo. Eit krakk kan kome. Men ein varig prisreduksjon som vil vare i la oss seie 20 år, har eg ingen tru på. Eg veit ikkje om nokon varig prisreduksjon i bustader i hovudstader i vestlege velfungerande land (Stockholm, Kjøbenhavn, London, Amsterdam ?) Med tid og stunder vil den kanskje flate ut.
Bare en liten "fun fact" til dette. Etter Kristianiakrakket i Oslo i 1899 tok det 90 år før boligprisene kom opp igjen til nivået i 1899


https://www.nrk.no/norge/boligpriser...0-ar-1.8273402
__________________
[Aksjebloggen] [Målbevisst.no]
Reply With Quote
Reply



Thread Tools
Display Modes

Posting Rules
You may not post new threads
You may post replies
You may not post attachments
You may not edit your posts

BB-koder er On
Smilies are On
[IMG] code is On
HTML code is Off
Trackbacks are On
Pingbacks are On
Refbacks are On

Similar Threads

Thread Thread Starter Forum Replies Last Post
nettverkssalg tilbakemelding nettside muligheten Vær din egen sjef! 30 02-05-2014 19:51
Min plan! Hartvikka Utfordringer og målsetninger 11 19-09-2012 10:21
Har du en plan for desember? Lin Utfordringer og målsetninger 22 25-11-2010 18:45
plan for dagen iris irene Småprat 0 28-10-2009 15:18
Rimeligere strøm - har du en plan? Lin Nyheter, artikler og blogginnlegg om økonomi 8 24-11-2008 16:20


Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 10:27.


Powered by vBulletin® Version 3.7.3
Copyright ©2000 - 2018, Jelsoft Enterprises Ltd.
Search Engine Optimization by vBSEO 3.2.0
Logo av Aksjebloggeren